Samsvar mellom praksis og retningslinje for førebygging av fall og vurdering av medikamentordinasjon på sjukeheim
Journal article, Peer reviewed
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2445103Utgivelsesdato
2013Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Øygard, S.H., Nortvedt, M.W., Espehaug, B. & Aasekjær, K. (2013) Samsvar mellom praksis og retningslinje for førebygging av fall og vurdering av medikamentordinasjon på sjukeheim. Sykepleien Forskning, 8(3), s. 242-248. 10.4220/sykepleienf.2013.0095Sammendrag
Bakgrunn: fall blant sjukeheimsbebuarar er eit stort problem. Det er ikkje kjent om der er eit gap mellom ønskja og reel praksis når det gjeld førebygging av fall på sjukeheim. Hensikt: føremålet med denne studien var å undersøke om praksis for førebygging av fall og vurdering av medikamentordinasjon på sjukeheim er i tråd med det litteraturen beskriv som beste praksis. Metode: gjennom klinisk audit vart bruken av medikament ved fall kartlagt, og det blei undersøkt om retningslinje for vurdering og førebygging av fall blant eldre menneske vart følgd. Dei tre første trinna i auditsyklusen blei utført. Deltakarar frå tre sjukeheimar var inkluderte i studien. Resultat: psykotropiske medikament vart nytta ved 88 prosent av falla. Medikamentordinasjonen vart vurdert for 28 prosent av falla der psykotropiske medikament var nytta. Seponering av psykotropiske medikament vart gjort for 1 prosent av falla. Konklusjon: resultata frå auditen syner at praksis ved sjukeheimane ikkje er i tråd med anbefalingar i litteraturen når det gjeld førebygging av fall og vurdering av medikamentordinasjon på sjukeheim.
Beskrivelse
Artikkelen beskriver en studie hvor hensikten var å undersøke om praksis for forebygging av fall og vurdering av medikamentordinasjon på sykehjem er i tråd med det litteraturen beskriver som beste praksis.