Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorØygard, Sissel Hjelle
dc.date.accessioned2017-06-07T12:41:02Z
dc.date.available2017-06-07T12:41:02Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.citationØygard, S.H. (2011) Medikamentbruk og fall: eit kvalitetsforbetringsprosjekt med klinisk audit som metode for å auke fokuset på medikamentbruk og fall blant sjukeheimsbebuarar. Masteroppgave i Kunnskapsbasert praksis i helsefag. Høgskolen i Bergen. Hentet fra: http://hdl.handle.net/11250/150670
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2445168
dc.descriptionMastergradsstudie hvor hensikten var å kartlegge fall og medikamentbruk hos sykehjemspasienter.
dc.description.abstractKvalitet og kvalitetsutvikling i helsetenesta er satsingsområde både internasjonalt, nasjonalt og kommunalt. Likeins er det stor satsing på kunnskapsbasert praksis, der målet er at diagnostisering og behandling skal vere kunnskapsbasert. Til tross for dette, ser ein ofte at det er eit gap mellom det vi gjer og det vi veit vi burde gjere. Føremålet med dette prosjektet var å bidra til auka merksemd på medikamentbruk og fall blant sjukeheimsbebuarar. Først ved å sjå om praksis på området var i tråd med det litteraturen beskriv som beste praksis, og vidare ved å kartlegge korleis fall i sjukeheimar vart dokumentert. Gjennom klinisk audit har 676 personar ved tre sjukeheimar blitt kartlagde i eitt år. Medikamentbruk ved fall, om retningslinje for førebygging av fall blant eldre menneske vart følgd og korleis fall i sjukeheimar var dokumentert har blitt kartlagt. Dei tre første trinna i auditsyklusen blei utført. Resultata frå auditen synte at ein stor del av sjukeheimsbebuarane som falt, nytta psykotropiske medikament på falldato. Få av bebuarane hadde fått ei vurdering av medikamentordinasjonen sin, og svært få hadde fått medikamentvurdering av ein spesialist. Mange av falla var berre dokumenterte i fritekst i journal, og dermed har ikkje rutinane om dokumentasjon av fall i skaderegistreringsskjema blitt følgt. På bakgrunn av dette kan ein konkludere med at praksis ved sjukeheimane ikkje er i tråd med anbefalingar i litteraturen når det gjeld medikamentbruk og fall, og at dokumentasjonssystemet deira heller ikkje er tilfredsstillande. Gjennom tilbakemelding til praksis om korleis praksis er, meir fokus på medikamentbruk og fall og opplæring i dokumentasjonsrutinane, vil praksis kunne forbetrast slik at den vert i tråd med det forsking tilrår.
dc.language.iso
dc.relation.urihttp://hdl.handle.net/11250/150670
dc.subjectpasientsikkerhet
dc.subjectlegemiddel
dc.subjectlegemiddelbruk
dc.subjectlegemiddelrelaterte problemer
dc.subjectuhensiktsmessig legemiddelbruk
dc.subjectfall
dc.subjectfallregistrering
dc.subjectdokumentasjon
dc.subjectlegemiddelliste
dc.subjectelektronisk pasientjournal
dc.subjectpasientjournal
dc.subjectsykehjem
dc.subjectjournalgranskning
dc.subjectdokumentanalyse
dc.subjectdokumentgranskning
dc.subjecteldre
dc.subjectBergen
dc.subjectNorge
dc.titleMedikamentbruk og fall. Eit kvalitetsforbetringsprosjekt med klinisk audit som metode for å auke fokuset på medikamentbruk og fall blant sjukeheimsbebuarar
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderØygard, Sissel Hjelle


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel