Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAndreassen, Lillian Mo
dc.date.accessioned2017-06-07T12:41:02Z
dc.date.available2017-06-07T12:41:02Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.citationAndreassen, L.M. (2009) Helsepersonells erfaringar, tankar og haldningar til behovsmedisinering i sjukeheimar. Masteroppgave i farmasi. Universitetet i Bergen. Hentet fra: http://hdl.handle.net/1956/3568
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2445169
dc.descriptionMastergradsoppgave hvor hensikten var å undersøke helsepersonells tanker, holdninger og erfaringer knyttet til behovsmedisinering i sykeheim, samt sammenligne generelle direktiv (=en skriftlig prosedyre for generell ordinasjon av legemiddel, når legen ikkje er til stede).
dc.description.abstractBehovslegemiddel er meint å bli gitt som respons på eit symptom eller medisinsk behov som oppstår hjå pasienten. Behovslegemiddel blir anten ført opp på den enkelte pasient sitt legemiddelkort, eller så kan ein nytte seg av legemiddel på generelle skriftlege direktiv som gjeld for heile sjukeheimen. Det er blitt observert forskjellar i praksisen for behovsmedisinering frå sjukeheim til sjukeheim, og avgjersleprosessen for om ein skal gi behovslegemiddel eller ei, er uklar. Det er eit behov for meir kunnskap om korleis systemet for behovsmedisinering fungerer, for å kunne utvikle best mogleg prosedyrar og rutinar for dette området. Hjelpepleiarar, sjukepleiarar og sjukeheimslegar blei invitert til å delta i tre yrkesspesifikke fokusgrupper, der dei skulle diskutere korleis erfaringar, tankar og haldningar dei hadde i høve til behovsmedisineringa i sjukeheimar. Det blei utvikla ein semistrukturert intervjuguide med fem hovudtema: erfaringar, tankar, haldningar, forslag til betre praksis, og medisinering generelt i sjukeheimar. Gruppeintervjua blei transkribert ordrett og analysert tematisk. I tillegg blei alle dei 33 sjukeheimane i Bergen kommune bedt om å sende kopi av sine generelle skriftlege direktiv. Desse blei undersøkt ved dokumentanalyse. Gruppeintervjua avdekka eit misforhold mellom oppgåvefordeling og ansvarsmedvit i høve til behovsmedisineringa. Det blei etterlyst betre rutinar for dokumentasjon av behovslegemidlets effekt, samt organisering og gjennomføring av undervisning på området. Fleire uttrykte bekymring for at fokuset på å behandle med legemiddel i sjukeheimar er så stort. Tjuefire direktiv blei innhenta til dokumentanalysen, desse blei analysert ved hjelp av eit kodeskjema. Dei generelle skriftlege direktiva viste stor variasjon i både utforming og innhald. Talet på indikasjonar gjekk frå 3 til 17, og til saman fanst det 51 legemiddelsubstansar å velje blant. Doseringsinformasjonen mangla eller var uklar i ein fjerdedel av tilfella. Helsepersonell opplev at behovsmedisineringa ikkje fungerer på fleire område, og at ei kvalitetsbetring må til. Det same viser den varierande kvaliteten på dei generelle skriftlege direktiva.
dc.language.iso
dc.relation.urihttp://hdl.handle.net/1956/3568
dc.subjectpasientsikkerhet
dc.subjectlegemiddel
dc.subjectlegemiddelbruk
dc.subjectlegemiddelforskrivning
dc.subjectuhensiktsmessig legemiddelbruk
dc.subjectlegemiddelliste
dc.subjectretningslinjer
dc.subjectrutiner
dc.subjectbehovsmedisin
dc.subjectsykehjem
dc.subjectsykepleier
dc.subjecthjelpepleier
dc.subjectsykehjemslege
dc.subjectlege
dc.subjecterfaringer
dc.subjectholdninger
dc.subjectfokusgrupper
dc.subjectdokumentanalyse
dc.subjectdokumentgranskning
dc.subjectBergen
dc.subjectNorge
dc.titleHelsepersonells erfaringar, tankar og haldningar til behovsmedisinering i sjukeheimar
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderAndreassen, Lillian Mo


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel