Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBjørkheim, K.
dc.contributor.authorBaravelli, H.
dc.contributor.authorSætre, T.
dc.contributor.authorBerge, M.
dc.contributor.authorJacobsen, F.F.
dc.contributor.authorØvsthus, K.
dc.date.accessioned2019-04-16T16:20:50Z
dc.date.available2019-04-16T16:20:50Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.citationBjørkheim, K., Baravelli, H., Sætre, T., Berge, M., FF, J., & Øvsthus, K. (2016). Lindåsprosjektet. Retrieved from http://nordhordlandsprosjektet.no/viktige-peikarar/nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2594864
dc.description.abstractINNOVASJON I LINDÅS KOMMUNE Demografiske endringar med fleire yngre brukarar, fleire med kroniske sjukdommar og eit aukande tal eldre skaper nye utfordringar for helse og omsorgstenestene. Politiske føringar legg opp til at behandling, pleie- og omsorgsoppgåver i aukande grad blir flytta frå spesialisthelsetenesta til dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Auka bruk av teknologi som støtte for omsorgstenestene opnar for nye mogelegheiter i utforming av tenestetilbodet. Lindås kommune vart med i forskingsprosjektet initiert av Tunstall gjennom invitasjon frå Høgskolen i Bergen. Finansiering frå Regionalt Forskingsfond, Vestlandet gjorde forskingsprosjektet mulig. Kommunen fekk seinare økonomisk stønad frå Husbanken, Helsedirektoratet og Fylkesmannen i Hordaland, samt at stipendiaten fekk støtte frå Norsk Sykepleier Forbund. Kommunen har i prosjektperioden individuelt tilpassa og installert omsorgsteknologi i om lag 260 heimar. Forskinga og kommunens erfaringar viser at prosjektet har ført til positiv effekt for brukarane, pårørande og tilsette. Samstundes med at kvaliteten på tenesta oppfattast å vere betre, har også dei kommunale utgiftene til pleie- og omsorgstenesta blitt redusert. Prosjektet er i tråd med Lindås kommune sin samfunnsvisjon «Der draumar blir røyndom» og er med på å gjere kommunen framtidsretta, inkluderande, kvalitetsbevisst og tenestevillig. Vi erfarte at teknologien som kommunen tok i bruk og som har fungert godt i Storbritannia, ikkje utan vidare kunne overførast til norske forhold. Dette gjaldt tekniske forhold og infrastruktur, men også kunnskap om bruk av teknologien. Partnarane fann i samarbeid fram til løysingar på desse utfordringane. Brukarane har i all hovudsak vore eldre. Resultat frå forsking og interne undersøkingar tyder på at både brukarane og pårørande er nøgde med omsorgsteknologi som teneste og vil anbefale denne til andre. Både brukarane og pårørande opplever i stor grad at teknologien bidreg til at dei føler seg trygge i heimen. Dei tilsette meiner at teknologi er viktig for framtidas helse- og omsorgsteneste, og dei blir trygge når dei opplever at omsorgsteknologi skaper tryggleik for brukarane. Dei tilsette seier at dei har eit kontinuerleg behov for opplæring, sidan dette er ein ny måte å gje tenester på som krev samarbeid med nye aktørar internt og eksternt. Netto driftsutgifter for helse- og omsorgstenesta i kommunen vart redusert i 2015 – i forhold til 2014. Samstundes blei tal på utskrivingsklare pasientar frå sjukehus redusert, fleire sjukeheimsplassar blei avvikla, og helse- og omsorgstenestene blei i større grad heimetenesteorientert. I lag med omsorgsteknologi gjev dette reduserte utgifter til helse- og omsorgstenestene og gjev fleire brukara mogelegheit til å bu i eigen heim.nb_NO
dc.publisherLindås kommune / Høgskolen i Bergennb_NO
dc.subjectomsorgsteknologinb_NO
dc.subjectvelferdsteknologinb_NO
dc.subjectbrukertilpasningnb_NO
dc.subjectvelferdsteknologinb_NO
dc.titleLindåsprosjektetnb_NO
dc.typeReportnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel