Øyeblikkeleg hjelp-døgnopphald i seks kommunar på Sunnmøre
Original version
Hole, T., Barstad, J., Teigen, S. & Kvangarsnes, M. (2015). Øyeblikkeleg hjelpdøgnopphald i seks kommunar på Sunnmøre. Tidskrift for Den norske legeforening, 135(17), 1553 -1557. 10.4045/tidsskr.14.1619Abstract
BAKGRUNN: Betre og meir kostnadseffektive helsetenester er eit mål i helsepolitikken. Det er ønskeleg å yte helsetenester nærare der pasienten bur. Alle kommunar skal frå 2016 tilby øyeblikkeleg hjelp-døgnopphald (ØHD). Hensikta med denne studien var å utvikle kunnskap om erfaringar i mellomstore kommunar som driftar eit slikt tilbod utan interkommunalt samarbeid.
MATERIALE OG METODE: Fokusgruppeintervju med 25 helsepersonell som har ansvar for tilbodet i seks små og mellomstore kommunar i Vest-Noreg vart gjennomførte hausten 2013 og våren 2014. I tillegg vart informasjon om bruken av sengene samla inn.
RESULTAT: Informantane formidla at kommunane deira hadde valt øyeblikkeleg hjelpdøgnopphald for å styrke fagmiljøa i sjukeheimane. Dei uttrykte at det var eit pasientnært og fleksibelt behandlingstilbod. Dei såg det slik at tilbodet ville føre til eit kompetanseløft i kommunane. Bruken av sengene har auka frå starten og fram til 31.8. 2014.
TOLKING: Helsepersonellet formidla at øyeblikkeleg hjelp-døgnopphald i kommunen oppfylte viktige intensjonar i samhandlingsreforma om at pasientar skal få behandling lokalt og nær der dei bur.