Velferdsteknologi i Stord kommune
Original version
Stord Kommune. (2018). Velferdsteknologi i Stord kommune. https://sk-dokument.no/velferdsteknologi/Abstract
Regjeringa Solberg har i regjeringserklæringa sett fokus på Velferdsteknologi, og følgjer soleis opp NOU 2011: 11 og Meld. St. 29 Morgendagens omsorg. Målet er meir bruk av velferdsteknologi i helse- og omsorgstenestene for å bedre brukaren sin muligheit til å mestre eigen kvardag, auke brukar og pårørande sin tryggleik og auke brukaren og pårørande si deltaking i brukarnettverk og muligheit til å halde kontakt med kvarandre.
Stord kommune har i sin plan for rehabilitering, helse og omsorg (RHO) 2012 – 2021, pkt. 3.7 fokusområde: Velferdsteknologi som kan bidra til betre tenester. Målet er at teknologi skal styrkja omsorgstenestene og gje brukaren mogleik til sjølv å klara eigen kvardag. Kommunen ynskjer og å gje både brukarar og pårørande større tryggleik gjennom bruk av teknologi for sporing og observasjon, alarmar og sensorar. Eit prioritert mål i perioden 2012 – 2015 er å tileigna seg kunnskap om og prøve ut ulike teknologiske løysingar, samt samarbeide med frivillige og næringsliv om velferdsteknologi. Målet skal vera å halde oppe/auke funksjonsnivå, gje tryggleik og størst grad av sjølvstende hjå brukarane.
Det har i fleire år vore fokus i kommunen på å få ei betre organisering av tenesta og innføre bruk av teknologi for å lette tenestevegane og auke kvaliteten av tenesta til det beste for brukarar og personale. Heimetenestene nyttar i dag mobile løysingar (PDA) for tilgang til fagsystem der ein til ei kvar tid har tilgang til naudsynt informasjon om brukar. I 2011 tok kommunen i bruk elektroniske, sporbare nøkkelskap. Dette gjer til at me til ei kvar tid har betre kontroll over nøklar som er i bruk. Dersom me saknar nøklar, veit me kven som har brukt dei sist, og kan gå direkte til den aktuelle tilsette. Erfaringsvis finn me nøklane. Kommunen har sidan 2014 nytta elektronisk meldingsutveksling for kommunikasjon mellom fastlege og kommune, og kommune og spesialisthelsetenestene.
Fram til 2020 har Helsedirektoratet ansvar for eit program som skal prøve ut velferdsteknologiske løysingar i kommunane og gjennom tenesteinnovasjon utvikle gode tenestemodellar. Målet er at velferdsteknologiske løysingar er blitt ein integrert del av omsorgstenestene i 2020. Stord kommune søkte saman med Bergen og Lindås kommunar, og vart valt ut til å vera 1 av 34 kommunar frå heile landet til å delta i det nasjonale Velferdsteknologiprogrammet. Prosjektet starta opp i januar 2014 og er gått over i drift frå januar 2017.