Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBoge, Jeanne
dc.date.accessioned2020-06-02T11:19:00Z
dc.date.available2020-06-02T11:19:00Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.isbn978-82-8340-104-2
dc.identifier.issn2464-4382
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2656145
dc.description.abstractFormålet med denne oppsummeringa er å samle kunnskap som pleiepersonell kan bruke både klinisk og politisk i arbeidet med å optimalisere kroppslege vask og stelltenester. Analysane er basert på fylgjande spørsmål: Korleis bør kroppsleg vask og stell gjerast, korleis vert kroppsleg vask og stell gjort og erfart og korleis kan det vere at dei kroppslege vask og stell-tenestene er som dei er? VASK OG STELL AV HEILE KROPPEN Notidige normer for korleis ein bør sjå ut og lukte oppstod i samband med industrialiseringa og demokratiseringa av vestlege samfunn i siste halvdel av 1800-talet. I moderne samfunn har det vore forventa at borgarane er reine, velstelte og velluktande til lågast mogeleg pris for storsamfunnet. I den samanheng har det vore argumentert for at det er rimelegare med dusj enn karbad. I lærebøker i sjukepleie frå vår tid vert det argumentert for at kroppsleg vask og stell bør ta utgangspunkt i pleietrengjande sine vaskevanar. Studiar viser at det kan vere lite rom for pleietrengjande som er vande med karbad, då badekar er fjerna frå sjukeheimar. Det er heller ikkje rom for dei som er vande med dagleg dusj. Det kan gå 14 dagar mellom kvar gong pleietrengjande får hjelp til å dusje, fordi dusj tek lenger tid enn vask av enkelte kroppsdelar. Verken pleietrengjande eller pleiarar viser entusiasme for robotbada. Robotbad ser heller ikkje ut til å effektivisere kroppsvasken. Personar med demens kan føretrekkje handduksbad framfor dusj. VASK OG STELL AV ENKELTE KROPPSDELAR Då moderne sjukepleie oppstod i Noreg i siste halvdel av1800-talet, var det nok at pasientar vaska og stelte synlege kroppsdelar til dagleg. Andre kroppsdelar kunne vaskast om det var siving av kroppsvæsker og liknande. I 1911 oppstod den fyrste læreboka som argumenterte for dagleg vask og stell av både synlege og tildekte kroppsdelar. I lærebøker i sjukepleie frå vår tid vert det argumentert for at ein bør ta utgangspunkt i pleietrengjande sine vaskevanar. Studiar viser at det kan vere lite rom for pleietrengjande i sjukeheim sine etablerte vaskevanar. Sjukeheimsbebuarar som er vande med hårvask og fotvask kvar veke, må gjerne vente 14 dagar før slike kroppsdelar vert vaska. Det er delte meiningar om eingongs vaskeserviettar. Pasientar føretrekkjer vanlegvis vask med vatn og såpe, men eingongsserviettar kan vere praktisk når ein har mykje smerter, diare eller treng ein rask vask. MUNN-/TANNSTELL Dei fyrste norske lærebøkene i sjukepleie nemner ikkje tannbørste, då slikt utstyr var uvanleg i siste halvdel av 1800-talet. Den fyrste læreboka som skriv om tannbørste kom ut i 1901, men det var fyrst i 1938 nylontannbørsten oppstod. Notidige lærebøker argumenterer for at tannpuss bør gjerast minimum to gongar om dagen. Studiar viser at munnen til pleietrengjande berre vert pussa og stelt ein gong i døgnet. Pleiarane får vanlegvis lov til å stelle tennene til dei som har tannprotesar, men dei som har eigne tenner kan vegre seg mot hjelp til tannpuss. Pleiarane kan føretrekkje elektrisk tannbørste, medan pleietrengjande kan mislike at pleiarane brukar slikt utstyr inne i munnen deira. Det hender at pleiepersonell må ty til tvang for å få stelt munnen deira. Det finst lite forsking om munn- og tannstellet til døyande menneske. TOALETTPRAKSISAR WC oppstod i England i 1820, men det var fyrst i etterkrigstida at slike sanitære installasjonar vart standard i norske husstandar. Notidige lærebøker i sjukepleie argumenterer for at pleietrengjande må få den hjelpa dei treng i toalettsituasjonar. Studiar viser at det kan vere vanskeleg for pleietrengjande å bruke ordinære WC eller enkle dostolar fordi er ustødige, fordi dei ikkje når toalettpapiret og skyljemekanismane når dei sit på toalettet, fordi høgda på toalett og handtak ikkje kan justerast, fordi servantane er plassert for langt vekke eller manglar handtak, fordi det er få støttepunkt i rommet, eller fordi takheisar ikkje er gjennomgåande mellom bebuaren sitt rom og badet/toalettet. Sjølv om bygget/teknologien er optimale, kan det vere at pleietrengjande må avlevere mesteparten av urinen og avføringa i bleier, fordi det manglar nok pleiepersonell. VELVERE VED KROPPSLEG VASK OG STELL I før-moderne samfunn var bad ein sosial og sensuell aktivitet som ein gjorde for velveret sin del. I moderne samfunn vart slike bad fordømde. Det moderne formålet med kroppsleg vask og stell var forming av reine og ordentlege borgarar. Dei moderne normene for kroppsleg vask og stell har nedfelt seg i lærebøker i sjukepleie. Studiar viser at pleietrengjande kan ha stor glede av velveremassasje, men lærebøker i grunnleggjande sjukepleie gir ikkje konkret innføring i velveremassasje i samband med kroppsleg stell. Hovudfokuset i undervisninga er på hygieniske prinsipp og minst mogeleg avkleding. Studiar viser at pleiepersonell heller ikkje praktiserer velveremassasje i den daglege kroppslege pleia, og at det heller ikkje er vanleg å kombinere kroppsleg vask og stell med musikk. KJØNN OG SEKSUALITET VED KROPPSLEG VASK OG STELL Både i moderne og før-moderne samfunn har det vore nedlatande haldningar til å pleie sjuke og andre hjelpetrengjande sine kroppar. Slikt arbeid har vore rekna for upassande for menn å halde på med. Pleietrengjande, spesielt menn, kan reagere negativt på å bli vaska og stelt av menn, men skepsisen til mannlege pleiarar endrar seg gjerne til ei positiv haldning når pleietrengjande har erfart kompetente menn i konkrete pleiesituasjonar. Kompetanse ser vanlegvis ut til å vere viktigare enn kva kjønn pleiaren har. Studiar viser at det kan oppstå ereksjon ved kroppsvask. Dette er uproblematisk å handtere når ereksjonen er ufriviljug, men det er ikkje rom for pleietrengjande som medvite seksualiserer kroppslege pleiesituasjonar. SJØLVHJELP VED KROPPSLEG VASK OG STELL Omgrepet personleg hygiene oppstod i sjukepleiefaget i etterkrigstida, og er tett kopla til sjølvhjelpsideologi. Argumentasjonen for sjølvhjelp ser ut til å vere politisk interessant så lenge den fører til lågare kostnader for storsamfunnet. Men dersom pleietrengjande med demenssjukdom skal få hjelp av offentleg betalte pleiarar til å vaske og stelle seg sjølve, kan det ta lengre tid enn om det er ein pleiar som utfører det kroppslege stellet for den pleietrengjande. I slike høve kan sjølvhjelp auka dei offentlege pleieutgiftene. OPPSUMMERANDE KOMMENTARAR Normer for korleis ein bør vaske og stelle seg endrar seg i pakt med endringar elles i eit samfunn. Notidige dusj- og toalettpraksisar hadde ikkje vore mogelege i Noreg for 100 år sidan, fordi ein ikkje hadde nødvendig vasstilførsel til folk flest, og fordi det mangla renovasjonssystem som kunne ta unna vatn og andre avfallsprodukt. Det kan godt vere at notidige kroppslege vaskenormer vil endre seg i åra som kjem, for vatn er mangelvare på verdsbasis. Uansett kva normer som gjeld, er det viktig at pleietrengjande får høve til å vaske og stelle seg i pakt med normene som er i det samfunnet som dei lever i. I denne oppsummeringa har me sett at norske pleietenester kan mangle både den teknologien og det pleiepersonalet som er nødvendig for at dei kroppslege vask og stell-praksisane skal vere i pakt med notidige normer for korleis ein bør sjå ut og lukte.en_US
dc.publisherSenter for omsorgsforskningen_US
dc.relation.ispartofseriesOppsummering nr;20
dc.subjectstellen_US
dc.subjectvasken_US
dc.subjectvask og stellen_US
dc.subjectvask og stell-tjenesteren_US
dc.titleKroppslege vask og stell-tenester - En oppsummering av kunnskapen_US
dc.typeResearch reporten_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel