Store ulikskapar i innhald, utforming og kvalitet på dei generelle skriftelege direktiva
Original version
Andreassen, Lillan Mo, Halvorsen, Kjell Hermann, & Granås, Anne Gerd. (2011). Store ulikskapar i innhald, utforming og kvalitet på dei generelle skriftlege direktiva : behovsmedisinering i sjukeheimar. Sykepleien forskning (Nr. 1), 46-52. https://doi.org/10.4220/sykepleienf.2011.0061Abstract
Bakgrunn: Generelle skriftlege direktiv, utarbeida av sjukeheimslegen, har vore retningsgivande for sjukepleiarane når dei skal vurdere om det skal gis behovsmedisin når legen ikkje er til stades. Det er bekymring for om variasjonen mellom og kvaliteten på slike lokale skjema går utover pasienttryggleiken.
Formål: Å kartlegge innhaldet på dei generelle skriftlege direktiva ved sjukeheimar i Bergen kommune, samt kvaliteten på desse.
Metode: Dei 33 sjukeheimane i Bergen kommune blei bedt om å sende inn kopi av sine generelle skriftlege direktiv. Det blei deretter gjort ei innhaldsanalyse av dei innsamla direktiva ved hjelp av eit kodeskjema i SPSS.
Resultat: Til saman på dei 24 innsamla direktiva fanst det 39 ulike indikasjonar, og 51 ulike legemiddelsubstansar. Talet på indikasjonar på det enkelte direktiv låg i median på 11,5 (variasjon 3–17), medan talet på legemiddel hadde ein median på 13 (variasjon 3-21). For tre fjerdedelar av legemidla var både styrke og ei klar normaldosering oppgitt. Maksimaldosering og når ein skal kontakte lege, var oppgitt for høvesvis 61 prosent og 37 prosent av legemidla.
Konklusjon: Fleire legemiddelval per indikasjon og uklar informasjon om styrke, dosering og når ein skal kontakte lege kan gjere det vanskeleg for sjukepleiarane å ta ei avgjersle om behovsmedisinering skal gis. Samstundes kan det setje pasienttryggleiken i fare. Ei fornying av retningslinjene, samt ei meir overordna kvalitetsbetring av direktiva anbefalast.