Betydning av opplæring i brukarinvolvert forsking - Kunnskap frå Storbritannia, Italia og Norge
Original version
Krogsæter, O. (2015). Betydning av opplæring i brukarinvolvert forsking - Kunnskap frå Storbritannia, Italia og Norge. Tidsskrift for Psykisk Helsearbeid, 11(01), 18-26. https://doi.org/10.18261/ISSN1504-3010-2015-01-03Abstract
Erfaringskunnskap er vesentleg for betring av psykiske helsetenester. Brukarinvolvert forsking kan bidra til slik kunnskap. Gjennom ein litteraturstudie er målet med denne artikkelen å få meir kunnskap om opplæring i brukarinvolvert forsking i Storbritannia, Italia og Norge. Opplæring vert sett i relasjon til korleis brukarinvolvert forsking har utvikla seg, og kva posisjon den har. I litteraturstudien kom det fram at omgrepet brukarinvolvert forsking er mangetydig, og at opplæring er i utvikling. Opplæringsprogram kan ha god effekt på psykisk helse, og kunne vera del av eit generelt helsetilbod innanfor psykisk helsetenester.