• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Ansatte i helse- og omsorgssektoren
  • Deltaking og medverknad for tilsette i helse- og omsorgssektoren
  • View Item
  •   Home
  • Ansatte i helse- og omsorgssektoren
  • Deltaking og medverknad for tilsette i helse- og omsorgssektoren
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Deltaking og medverknad for tilsette i helse- og omsorgssektoren - En oppsummering av kunnskap

Solstad, Liv Jorunn; Sudmann, Tobba Therkildsen
Peer reviewed
Thumbnail
View/Open
Deltaking og medverknad for tilsette i helse- og omsorgssektoren (8.411Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/2626861
Date
2019
Metadata
Show full item record
Collections
  • Deltaking og medverknad for tilsette i helse- og omsorgssektoren [28]
Abstract
Bakgrunn: Forsking og utviklingsarbeid har vist at dagens norske arbeidsliv har eit ubrukt potensiale når det gjeld tilsette sin medverknad og deltaking i sektoren. I denne sektoren er sjukefråværet høgare enn ønska, og det er eit problem med for tidleg avgang frå arbeidslivet. Arbeidslivshelsa er med andre ord ikkje god nok. Denne kunnskapsoppsummeringa har som mål å gje tilsette og leiarar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene meir kunnskap om medverknad og deltaking og korleis ein kan påverka prosessar som støttar arbeidslivdemokratiet, fremja effektive og gode tenester, og betra arbeidshelsa.

Kunnskapsbidrag: Arbeidsgjevar har rett og plikt til å leggja til rette for reell medverknad og deltaking, og denne plikta er stadfesta i statlege føringar. Denne plikta vert i mange høve ikkje etterlevd av dei ansvarlege. Oppsummeringa viser at mange tilsette opplever ubalanse mellom ansvar og mynde og svak medverknad når det gjeld eige arbeid, i organiseringa av arbeidet og i plan- og strategiarbeid. Den viser at tilsette kan betra arbeidsmiljøet, medverka og delta på arbeidsplassen dersom dei får høve til det. Arbeidslivsdemokrati og effektivitet i tenestene (dvs. tilhøvet mellom det som vert gjort/produsert og kostnadene) og arbeidslivshelse er truga om ikkje medverknad og deltakinga frå tilsette og deira representantar vert tatt på alvor, og integrert i dagleg drift og styring.

Kunnskapsoppsummeringa svarar på fylgjande hovudspørsmål:

• Kva fremjar og kva hemmar medverknad og deltaking for tilsette i helse- og omsorgstenestene i kommunal sektor?

• Kva for ressursar og verkty kan takast i bruk for å sikra medverknad, deltaking og inkluderande arbeidsliv i helse- og omsorgstenestene i kommunal sektor?
Publisher
Senter for omsorgsforskning
Series
Oppsummering nr;12

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit