Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSolstad, Liv Jorunn
dc.contributor.authorSudmann, Tobba Therkildsen
dc.date.accessioned2019-11-06T10:57:54Z
dc.date.available2019-11-06T10:57:54Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.isbn978-82-8340-093-9
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2626861
dc.description.abstractBakgrunn: Forsking og utviklingsarbeid har vist at dagens norske arbeidsliv har eit ubrukt potensiale når det gjeld tilsette sin medverknad og deltaking i sektoren. I denne sektoren er sjukefråværet høgare enn ønska, og det er eit problem med for tidleg avgang frå arbeidslivet. Arbeidslivshelsa er med andre ord ikkje god nok. Denne kunnskapsoppsummeringa har som mål å gje tilsette og leiarar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene meir kunnskap om medverknad og deltaking og korleis ein kan påverka prosessar som støttar arbeidslivdemokratiet, fremja effektive og gode tenester, og betra arbeidshelsa. Kunnskapsbidrag: Arbeidsgjevar har rett og plikt til å leggja til rette for reell medverknad og deltaking, og denne plikta er stadfesta i statlege føringar. Denne plikta vert i mange høve ikkje etterlevd av dei ansvarlege. Oppsummeringa viser at mange tilsette opplever ubalanse mellom ansvar og mynde og svak medverknad når det gjeld eige arbeid, i organiseringa av arbeidet og i plan- og strategiarbeid. Den viser at tilsette kan betra arbeidsmiljøet, medverka og delta på arbeidsplassen dersom dei får høve til det. Arbeidslivsdemokrati og effektivitet i tenestene (dvs. tilhøvet mellom det som vert gjort/produsert og kostnadene) og arbeidslivshelse er truga om ikkje medverknad og deltakinga frå tilsette og deira representantar vert tatt på alvor, og integrert i dagleg drift og styring. Kunnskapsoppsummeringa svarar på fylgjande hovudspørsmål: • Kva fremjar og kva hemmar medverknad og deltaking for tilsette i helse- og omsorgstenestene i kommunal sektor? • Kva for ressursar og verkty kan takast i bruk for å sikra medverknad, deltaking og inkluderande arbeidsliv i helse- og omsorgstenestene i kommunal sektor?nb_NO
dc.publisherSenter for omsorgsforskningnb_NO
dc.relation.ispartofseriesOppsummering nr;12
dc.subjectansattenb_NO
dc.subjecthelse- og omsorgssektorennb_NO
dc.subjectdeltagelsenb_NO
dc.subjectmedvirkningnb_NO
dc.titleDeltaking og medverknad for tilsette i helse- og omsorgssektoren - En oppsummering av kunnskapnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel