Bleier til vaksne: Ei kunnskapsoversikt i eit notidig og historisk perspektiv
Abstract
Denne kunnskapsoversikta handlar om bleier til vaksne i eit notidig, historisk, økonomisk og økologisk perspektiv. Formålet med oversikta er å vise at det er mange vaksne som treng bleier, at det finst mange ulike former for bleier til vaksne, kva som vert rekna for å vere ei god bleie, korleis ein kan bruke kartleggingsverktøy til å finne fram til kva bleier som høver best, korleis ein kan bruke bleier på ein måte som hindrar sår og infeksjonar og å vise at det er økonomiske og økologiske utfordringar knytte til bleier.
Kunnskapen som vert presentert, er hovudsakleg basert på medieoppslag, studiar og helsepersonell sine erfaringar, slik dei kjem fram i populærvitskaplege tekstar, medieoppslag og lærebøker. Teksten er spesielt retta mot sjukepleiarstudentar og pleiepersonell, men han kan også vere nyttig og interessant for dei vaksne som brukar bleier og deira pårørande. Bleier vert gjerne assosiert med barn, men norske studiar indikerer at 26–38 % av vaksne menn og kvinner har ulike former for urininkontinens (UI). Om lag halvparten så mange menn som kvinner har UI. Amerikanske studiar indikerer at 2,6 % av dei som er over 20–69 år, har ulike gradar av avføringsinkontinens, Omfanget ser ut for å vere over 50 % for dei som bur i norske sjukeheimar. Inkontinenstala er usikre, fordi mange skammar seg over at dei er inkontinente for urin og avføring og kan prøve å skjule inkontinensen, til og med for legen. Mange søkjer ikkje hjelp. Spesielt pinleg kan det vere å artikulere urinlekkasjar ved orgasme og penetrering. Dei som ikkje har kontroll over urin og avføring, kan erfare negative haldningar, også i møte med helsepersonell. Inkontinente kan få låg sjølvtillit, bli deprimerte, isolere seg og kjenne seg mindreverdige.
For dei som søkjer hjelp, finst det mange bleieprodukt å velje mellom. Ei god bleie skal ha stor oppsugingsevne og absorbere hurtig, ho skal ha god passform og slutte godt til, vere laga av hudvenleg materiale på ein slik måte at fukt vert verande inne i bleia som skal kjennest tørr mot huda. Det er viktig at dei som treng bleier, får høve til å teste ulike variantar fordi dei kan vere redde for at bleia skal vere synleg under tøy, redde for lukt, redde for at det skal kome lyd frå bleia når dei rører på seg, redde for lekkasjar og så vidare. I Noreg får vaksne som treng bleier, dekt utgiftene.
Det er viktig å skifte bleier som er våte og tilskitna, då våte og tilskitna bleier kan vere ubehageleg å ha på seg og dei kan forårsake sår og infeksjon. Men studiar og medieoppslag viser at ein del pasientar må vente i fleire timar før dei får hjelp til å skifte bleie. I eit økologisk perspektiv er det ei utfordring at bleier ser ut for å utgjere 1–2 % av det avfallet i verda som det ikkje er mogeleg å bryte ned biologisk.