Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBoge, Jeanne Helene
dc.date.accessioned2023-08-31T10:56:15Z
dc.date.available2023-08-31T10:56:15Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.citationBoge, J. H. (2022) «Arkitektur og teknologi som avgrensar pleietrengjande sin tilgang til WC», Praxeologi – Et kritisk refleksivt blikk på sosiale praktikker, 4, s. e3107.en_US
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3086607
dc.description.abstractDenne artikkelen er ein analyse av korleis arkitektur og teknologi i private bustader og sjukeheimar, strukturerer toalettpraktikkane til pleietrengjande. Analysen viser at private bustader kan vere utforma slik at pleietrengjande må sove i stova og gjere frå seg på ein toalettstol der. Dette inneber at gjeremål som vanlegvis finn stad i private delar av bustaden som bad/WC og soverom, vert flytta til stova, den offentlege delen av bustaden. Slike endringar kan stride imot pleietrengjande og deira familie sin praktiske sans. I norske sjukeheimar bur dei pleietrengjande vanlegvis i eige rom med tilhøyrande bad/WC. I denne private delen av institusjonen finn toalettpraktikkane stad. Bueiningane er konstruerte slik at pleietrengjande som ikkje kan stå på føtene ofte heller ikkje kan bruke WC. Om ein ser på den norske private notids-bustaden og notids-bueininga i sjukeheimar i lys av det før-moderne kabylske huset som var delt i ein øvre og ein nedre del, er bad/WC og soverom i notidsbustaden og notids-bueininga i sjukeheimen på mange vis homolog til den feminine, lågaste delen av det kabylske huset, fordi det er i slike delar av bustaden ein handterer den biologiske kroppen. Gjeremåla som fann stad i den lågaste delen av det kabylske huset vart rekna for feminine, dei hadde låg status og var usynlege utanfor bustaden. Den same låge statusen har arbeidet med toalettpraktikkar i helsevesenet. Slikt arbeider er sjeldan artikulert og problematisert i det offentlege rommet, så arkitektar og ingeniørar kan mangle informasjon om korleis arkitektur kan fremje/hemme toalettpraktikkar til sjuke og pleietrengjande. Dermed er det sannsynleg at dei held fram med å konstruere private og offentlege bygg som er i pakt med den praktiske byggsansen som dei har inkorporert. Når dei konstruerer private bygg slik at pleietrengjande må gjere frå seg i stova og konstruerer sjukeheimar som forhindrar dei mest pleietrengjande i å bruke WC, utøver dei samstundes symbolsk vald.en_US
dc.publisherPraxeologi – Et kritisk refleksivt blikk på sosiale praktikkeren_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectWCen_US
dc.subjecttoaletten_US
dc.subjectpraktikken_US
dc.subjectarkitekturen_US
dc.subjectsanitær teknologien_US
dc.subjecttakheiseren_US
dc.subjectsjukehjemen_US
dc.subjectheimesjukepleieen_US
dc.subjectBourdieuen_US
dc.subjectpraxeologien_US
dc.subjectdet kabylske huseten_US
dc.subjectpraktisk sansen_US
dc.subjectsymbolsk valden_US
dc.titleArkitektur og teknologi som avgrensar pleietrengjande sin tilgang til WCen_US
dc.typeJournal articleen_US
dc.source.volume4en_US
dc.source.journalPraxeologi – Et kritisk refleksivt blikk på sosiale praktikkeren_US
dc.identifier.doihttps://doi.org/10.15845/praxeologi.v4i4.3107
dc.source.articlenumbere3107en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal