Å vere pårørande til ein person med demens som bur heime : opplevingar og erfaringar i møte med hjelpetenestene
Original version
Hentet fra: http://hdl.handle.net/11250/149591Abstract
Funna i denne studien syner kor krevjande situasjonen er for pårørande til demensråka personar som bur heime. Pårørande kjenner seg bundne, slitne og isolerte. Dei daglege oppgåvene, og ein 24 timars beredskap krev det meste av kreftene. Når det gjeld korleis pårørande opplever og erfarer møta med helsetenesta er det i hovudsak to funn som utmerkar seg. For det første spør pårørande etter mindre byte av hjelparar, altså kontinuitet i hjelperelasjonane. For det andre spør pårørande etter forståing for sin situasjon og for kva rolle dei spelar i demensomsorga. Dette gjeld både i samband med diagnostisering, men også utover i forløpet – når dei ber om pusterom i kvardagen – i samband med hjelp i heimen, føreseieleg avlasting og ved behov for plass på dagsenter