Dusjing i sjukeheim- Eit historisk og notidig perspektiv
Journal article
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2671756Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Boge, J. H. (2019) «Dusjing i sjukeheim. Eit historisk og notidig perspekti»v, Praxeologi – Et kritisk refleksivt blikk på sosiale praktikker, 1, s. e1396. https://doi.org/10.15845/praxeologi.v1i0.1396Sammendrag
Intervju med bebuarar og helsefagarbeidarar i ein norsk sjukeheim viser at pleietrengjande kunne vere misnøgd med dusj kvar 14. dag. Bebuarane var fødde i perioden 1915 – 1935, og misnøyen med vaskepraksisane kan ha samband med at dusjpraksisane i sjukeheimen braut med dei kroppslege vaskevanane som bebuarane hadde vakse opp med. Analyser av historiske studiar om kroppsvask og analyser av lærebøker i sjukepleie viser at på den tida då bebuarane vaks opp var det mest ingen hus i Noreg som hadde bad, og dusj var uvanleg. Full kroppsvask blei vanlegvis gjennomført kvar laurdag. Då sat barna gjerne i ein stamp, medan vaksne sin vekelege fullstendige kroppsvask blei gjennomført ved hjelp av ein klut og vatn i eit vaskefat. Full kroppsvask ved hjelp av dusj kvar 14. dag var med andre ord eit brot med vaskevanane som bebuarane hadde vakse opp med.