Personalet sine opplevingar av å kunne fremje personsentrert omsorg og brukarmedverknad gjennom bruk av individualisert musikk i demensomsorga
Original version
Hentet fra: http://hdl.handle.net/11250/184147Abstract
Dette kvalitative studie har undersøkt personale sine opplevingar knytt til bruk av miljøtiltaket individualisert musikk i arbeid med personar med demens på sjukeheim. Bakgrunn for studie har vore eigne erfaringar med individualisert musikk og funn i litteraturen som peikar på behovet for betre kunnskap om miljøtiltak og fremjing av brukarmedverknad for bebuarar med demens. Måla for studie har vore å auka kunnskapen om individualisert musikk som miljøtiltak. Vidare å undersøkje om der er samanheng mellom implementering av dette tiltaket og auka medvit på brukarmedverknad for personar med demens. Det har og vore eit mål å undersøkje om individualisert musikk kan vere eit reiskap for å styrkje fokuset på den enkelte bebuar sine individuelle behov og for fremje ei personsentrert omsorg. Undersøkinga er gjennomført ved hjelp av sju semistrukturerte forskingsintervju på fire sjukeheimar. Brukarmedverknad og personsentrert omsorg har blitt hovudtema og tre hovudkategoriar har blitt identifisert: 1.Individualisert musikk i personal-bebuar relasjon, 2.Individualisert musikk som miljøtiltak ved uro/agitasjon og 3. Individualisert musikk og arbeidsglede. Funna peikar i retning av at individualisert musikk kan vere ein måte å styrkje relasjonen mellom pleiar og bebuar. Det ser ikkje ut som tiltaket fører til auka medvit på brukarmedverknad generelt, men at det kan leggje til rette for brukarmedverknad fordi kommunikasjonen og samarbeidet mellom pleiar og bebuar blir betre. Det er ei felles oppleving at ein blir betre kjend med bebuarane gjennom å bruke musikk på denne måten. Såleis peikar funna i dette studie i retning av at individualisert musikk kan vere ein måte å fremje ei personsentrert omsorg.
Description
Master thesis